Ettersøk vi har utført

Vi kjem ikkje til å fortelje verda om ettersøk vi har vore på, utan at vi har spurt den uheldige jegeren om lov. Vi set imidlertid pris på å få tilbakemeldingar og vi legg dei gjerne ut her om det er greitt for den som sender inn. Vi treng ikkje ta med namn og stad om du ikkje vil det.


 

Jakta 2016

Skryt er alltid kjekt å få, og når tilbakemeldingane kjem frå dei vi faktisk har vore hos, så tek vi det til oss. Vinker  
Her er eit utdrag frå eit par meldingar (navn er fjerna då vi ikkje har spurt om løyve til å dele):


"...Vi fulgte gode blodspor og leita ei stund. Mørkt var det blitt, og avveiningen på kor mykje vi skulle trakke fram og tilbake før vi ringer ettersøk måtte tas. XX ringer. Etter en liten time kommer hund og fører. Ca en halv time tar det å finne dyret, kanskje 20 meter fra der vi gav oss på å leite. Godt skudd med to punkterte lunger, der har nok ikkje vore mykje lidelser. Glad og lettet takker eg og XX for hjelpa når alle var kommet ned på låven. Bella gjorde en kjempejobb og det er en trygghet å vite at flinke folk er tilgjengelig i slike situasjoner. :) ..."

 



Her er endå ein e-post:
"Hei Kåre Per
Mange takk for innsatsen på søndag.
Det var godt å vete at det ikkje gikk eit skadeskote dyr att etter jakta vår.
Ettersøkshunders evne til å følge dyrespor i eit terreng med så mykje hjortetrakk imponerer meg.
Legg ved eit av bileta eg tok. .. Er det greit at eg legg ut dette bildet på Facebooksida Hjort-Hjortejakt? Der er der alt for lite fokus på skadeskyting.
Eg vil gjerne bruke dette til å sette søkelyset på verdien av ettersøkshunder."

Hentet frå Flora kommune sin offentlege postjournal 13-09-17

...

Ellers hadde vi eit søk i fjor når vi hadde avtale med Eikefjord ettersøksring.
Det vart utført av Kåre Per Nekkøy med hans Celina.
Dei gjorde ein fantastisk jobb i eit vanskeleg søk. Blodsporet forsvann og hjortesporet forsvann inn i ei mengd andre spor. Fann hjorten vomskoten etter nokre hundre meter.
Så all honnør til denne ekvipasjen.
...
Jarle Haugum