Vedtekter for Eikefjord ettersøksring

Namn og formål

1          Namnet på laget er Eikefjord ettersøksring

2          Eikefjord ettersøksring (heretter kalla laget) skal tilby avtaler om, og utføre søk etter skadet vilt på oppdrag frå Flora kommune og jaktlag/jeger.
Ettersøksringen har som formål å være eit lag med godt kvalifiserte ettersøksekvipasjer som til ein kvar tid kan rykke ut når det er behov for å finne skada hjortevilt.

Laget skal arbeide for fremme av interessa for ettersøk av hjortevilt, og organisere og utøve ettersøk på hjortevilt etter gjeldande lover og forskrifter. Laget skal også drive aktivt rekrutterings- og treningsarbeid for ettersøksekvipasjer.

Medlemskap

3          Alle godkjende ettersøksekvipasjer kan tas opp som medlem i laget.
Styret kan nekte å oppta som medlem person som antas å kunne skade laget og/eller hundesaken. Alle medlemmar plikter å være med på vaktordninga. Alle inn og utmeldingar informerast styret.
Medlemma kan ha privat avtale med eige jaktlag.

4          Medlemmane  pliktar og å være fysisk og psykisk skikka til å utføre ettersøk når dei har vakt og bakvakt, samt halde ferdigheitene vedlike.  Medlemmer bør gjennomføre ”Vidaregåande kurs i ettersøk” og må elles halde seg oppdatert på det til einkvar tid gjeldande regelverk. Medlemmene er forplikta til å følgje lagets retningslinjer.  Medlemmene pliktar også til å opptre på ein slik måte at lagets formål og anseelse fremmast.

5          Vaktliste setjast opp på møte kvar haust før hjortejakta. Vaktliste for trafikkskade setjast opp kvart halvår.

6          Det enkelte medlem av laget plikter å gjere seg kjent med innhaldet i avtalar laget  har med jaktlag og kommunen.
Lagets medlemmer er innforstått med, at laget ikkje kan gjerast ansvarleg for eventuell skade den enkelte påfører eller blir påført under ettersøk. Lagets enkelte medlem har sjølv ansvaret for det ettersøk som gjerast saman med den som utøvar jakta, også på annen manns eigedom.

Utmelding og utestenging av medlemmar
7          Medlemmar som vil ut av laget må melde styrets leiar seinast ein månad før.

8          Medlemmar kan utestengas viss det bryter gjeldene retningsliner/vedtekter eller  opptrer uansvarleg på søk og/eller opptrer på ein måte som kan skade ettersøksringen.
Styret skal skriftleg begrunne ein utestenging, og medlemmer kan krevje overprøving av utestenging på neste årsmøte. Krav om overprøving har ikkje oppsettende verknad.

Årsmøte og styre

9          Styret består av leiar, nestleiar, kasserar og minst 1 styremedlem. Leiar- og nestleiarvervet er på val kvart  år, kasserar og styremedlem kvart 2. år. Styret konstituerar seg sjølv.

10        Årsmøte holdast kvart år innan utgangen av februar. På møtet velges styre. Vidare fremleggast regnskap og rapport. Årsmøte skal kunngjørast med minst 8 dagars varsel. For å være beslutningsdyktig, kreves det minst ¾ fleirtal på ordinært årsmøte . Viss ikkje tilstrekkelig antal medlemmer møter, kan nytt årsmøte innkallast. Dette er i alle tilfelle beslutningsdyktig.
Årsmøte skal behandle følgjande: Innkalling og dagsorden. Lagets årsberetning, Regnskap og budsjett, Opptaking av nye medlemmer i laget, Innkomne forslag og val.  Bare frammøtte medlemmer av laget har stemmerett, med en stemme kvar. Forslag som ønskes behandla på årsmøtet, sendes styret skriftlig seinast 14 dagar før årsmøtet

11        Rekneskapsåret og arbeidsåret følgjer kalenderåret.

12        Vedtektsendring krevjar 2/3-dels fle i rtal på årsmøte, etter at skriftlig forslag om vedtekt s endring er innsendt styret, og sendt medlemmer av laget saman med innkallinga til årsmøtet.

13        V edtak om oppløysing av laget kan berre fattes av årsmøtet etter innstilling frå styret. Slikt vedtak krevjar 2/3 fleirtal. Viss vedtak om oppløysing fattes, skal lagets aktiva realiserast og eventuelle midlar fordelast ut på dei medlemmane som på det tidspunktet er med i laget. Ved oppløysning tilfaller lagets eigendelar dei som står som medlemmer på det gjeldande tidspunkt.
Før
oppløysning må lagets forpliktelser og eventuelle økonomiske fordringar være dekka .

14        Alle styremedlemmar har tilgang til å redigere/supplere opplysningar på lagets internettside.

Økonomi

15        Tilfeldig innleigde ettersøksjegare skal kun ha betaling etter gjeldande time- og kjøyresatser.
Det skal stå att ein sum på kontoen til administrasjonsutgiftar.

Det enkelte medlem må sjølv syte for naudsynt utstyr for refusjon av utgifter.

 

Eikefjord 8.12.2010

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

25.03 | 21:39
Framsida har mottatt 18
03.10 | 22:58
For ettersøksjegeren har mottatt 1
01.10 | 12:32
Vårt fotoalbum har mottatt 3
18.11 | 12:42
Kven er vi? har mottatt 2
Du liker denne siden