Nyhende

Vis hensyn!!

Alle vi som driv med ettersøk føler vi har ein hobby som gjer meining. Vi får jobbe saman med hunden vår, være ute i naturen, og hjelpe dyr som er skadd og har det vondt.
Kvar gong vi rykker ut til ein hjortepåkjørsel utset vi oss sjølv og hunden for fare. Når vi går langs vegen for å utrede ein skadestad og bilene susar forbi, driv vi med risikosport.

Så vår bøn til deg som er bilførar er at du viser omsyn når du ser oss. Vi har på oss refleksvest, har ute varselskilt og har naudblink på bilen viss den står i nærleiken.

Reduser farten!


Siste oppdateringer

16.5.12 Melding kl. 9 om hjort påkjørt ved Haukå natt til 16. mai. Fann ikkje teikn langs vegen som synte at det var skade på dyret, og hunden viste heller ikkje teikn på det. Avslutta søket utan resultat.

27.04.12 Melding kl. 06.30 (fjor)Kalv påkjørt på Rv. 611 ved Stavika. Dyret avliva på staden.

19.04.12 melding kl. 06.17 To drektige koller påkjørt ved Haukå. Den eine låg død 50-60 meter unna, og den andre vart funne med knekt bakfot etter eit kort søk.

13.04.12 Kl. 06.00 Kalv påkjørt på Rv 5 ved Bjørnset. Dyret vart hardt skadd i samanstøyten og vart avliva på staden. Kolla stod like ved.
Det er veldig mykje dyr langs vegen no, så være obs, skjerp synet og tilpass farten.
09.04.12 kl. 22.00 Kalv påkjørt på Rv 5 ved Klavelandet. Dyret dødet i samanstøyten.

06.04.12 kl 00.30 Bukk påkjørt på Rv 5 ved Helgøytunnellen. Dyret vart hardt skadd i samanstøyten med ein buss, og vart avliva på staden.
29.03.12 kl. 22.45 Kolle påkjørt på Rv 5 Brandsøy. Spora innpå dyret med hund om kvelden, men det trakk unda. Avslutta og søkte videre om morgenen 30.03 og følgde sporet ca. 1 km. ingen tegn til at dyret var skada.
19.03.12 Kolle påkjørt på Rv5 ved Bjørnset natt til mandag. Avliva på staden. Truleg knekt ryggen i samanstøyten. 
16.02.12 kl.15.44 Hjortekalv påkjørt i Nordalsfjortunnelen på Rv. 614. Dyret blei funne nede i skråninga fra vegen mot vatnet ca. 20m fra tunnelmunninga og blei avliva, då det var i generell dårleg forfatning.

11.02.12 Kolle påkjørt ved Litle-Høydal. Plogen hadde skrapt vekk alle spor på skadestaden, og det var mange dyr i området. Valde å vente til dagslys før vi sette hund på. Starta opp att om morgonen med to mann og ein hund, og spora eit par timar utan å finne spor etter skadd dyr.

02.02.12 kl 08.41 Kolle påkjørt på Rv5 på bakketoppen øst for brua i Brandsøy. Kolla ble funnen mye skadet i bustadfeltet på nordsida av vegen og ble avliva.

02.02.12 kl 07.24 Hjort påkjørt på Rv 5 Brandsøy vest for krysset til Solheim. Ble søkt etter dyret ei god stund med hund, uten å finne det.

Nye jakttider vedtatt 1.mars 2012

Forskrift om jakt- og fangsttider fom. 1. april 2012 tom 31. mars 2017 finner du HER

Referat frå årsmøtet 31.01.12

Saksliste:
Oppsummering av året som har gått
Statistikktal ettersøk Jakt/fallvilt
Evt. evaluering av ettersøk. Kva kunne vi gjort annleis/betre?
Nye medlemmer
Vaktliste
Regnskap
Val

*       Styret består av leiar, nestleiar, kasserar og minst eitt styremedlem
*       På val: Leiar, Nestleiar

Det er ikkje kome inn saker til årsmøtet, ingen spørsmål frå evt. nye medlemmer og ingen forslag til styret.

Det første året til ettersøksringen har vi hatt 10 Jaktettersøk og 27 Trafikkettersøk.

Det har vært litt forskjellig utfordringar med å handtere slaktet på planteskulen. Magnus presiserer at det viktigaste er at vi får dei innomhus. Vi får gjøre vårt beste.

På trafikkettersøk har det vært mangelfull/forsinket rapportering til viltforvalter for registrering i fallviltregisteret, så her må vi bli betre. Det skal rapporterast inn på eiget skjema for kvar utrykning.

En kort oppsummering av nokre av ettersøka både på trafikk og jakt, viser at noke kunne vært gjort annerledes, men vi kan uansett ikkje gjere noke før vi kjem på plassen. Vi har i alle fall lært litt alle saman dette året. I dette faget blir man aldri utlært.

Vakt-telefonen har fungert greit, med unntak av et par episodar der det har vært dårlig dekning, og en da Telenors Proff-nett var ute av drift. Alle tilfella ordna det seg utan store problem.

Vi har vært omtalt i Firdaposten ved oppstart, og et innlegg på hausten i forbindelse med en periode med mange påkjørsler.

Nettsidene våre har mange besøk, i snitt har vi hatt mellom 400 og 500 treff i veka i følgje e-postane frå 123hjemmeside.no. Vi bør kanskje være enda flinkare å oppdatere når det er informasjon til nytte for andre.

Fire av medlemmene har vært på «Vidaregåande kurs ettersøksjeger». (Gunnar, Ove, Ann-Kristin + Bjørn som hjelpeinstruktør. Ringen var med å arrangere og skulle ha hatt vår del av overskotet. Ann-Kristin sjekkar opp kva som skjedde med den summen.

Bjørn er blitt godkjent trinn1 NKK-instruktør i 2011 og Ann-Kristin er blitt autorisert instruktør på ettersøk gjennom NJFF.

Vi har vore med på og avhalde 4 sporsamlingar saman med Førde Brukshundklubb, noke vi kommer til å gjere også i 2012. (Ann-Kristin er ansvarlig for blodsporgruppa i klubben)
Sporsamlingane blir annonsert på nettsida til ettersøksringen og FBHK.

Vi er opne for å ta inn nye medlemmer og sportreffene er en god mulighet til å få flere med i miljøet. Ekvipasjar som har lyst å være med i ringen må være villig til ha døgnvakt i en uke i strekk. Det første halvåret har nye medlemmer bakvakt, og skal være med på nokre oppdrag i lag med ein av dei faste før dei får ha vakt aleine.

Vi har tatt opp eitt nytt medlem i laget før haustens jakt, som har hatt bakvakter og blitt betalt pr time. Birger er med for fullt frå nyttår og blir satt opp på vaktlista.
Vaktlista ligger på nettsida. Det blir laget ny vaktliste for trafikkettersøk så fort som mulig etter årsmøtet.

Vi er blitt spurt om å holde et innlegg på årsmøtet til Eikefjord storvald om ettersøk og sikkerhet. Årsmøtet skal være 16. mars på Allhuset. Det ble bestemt at Ann-Kristin lager en presentasjon for storvaldet.

Storvaldet i Eikefjord har bedt om liste over kor mange løyve jaktlaga har betalt inn for. Dette er sendt inn til valdleiar.

Ettersøksavtalen for 2012 blir identisk som for 2011.

Økonomi:

Vi har fått inn frå jaktlaga tilsaman kr 46 700,- for å ha kontinuerlig vakt hele jaktsesongen. Vi har mottatt kr 32 000,- frå kommunen for å ha døgnvakt i 2011.

2011: Inn 125 000, Ut 87 000, Saldo pr 31.12.11: 38 000,-
Det er noen timelister som ikkje er utbetalt pga tekniske problem etter orkanen. :) Dette blir ordna så fort som mulig, og ny oversikt sendes ut av kasserer.

Val:
Ingen forslag til nye. Ann-Kristin og Bjørn valt inn for eitt år til som hhv leiar og nestleiar.

Siste oppdateringer


17.01.12 kl.07.05 Hjortekalv påkjørt Rv.5 v/Fjordbase. Dyret funne ca. 50m frå vegen og blei avliva.

29.12.11 kl 00.15 Kalv påkjørt på Rv5 ved Havikbotn. Knekt bakbein. Funnen i vegkanten og vart avliva på staden.

20.12.11 kl 19.30 Melding om påkjørt hjort ved Svortevik. Søk gav ikkje resultat.

05.12.11 kl. 08.00 Kolle med kalv påkjørt på Rv5 ved Mekevika. Kolla vart funne etter omlag 700 meter og var alvorleg skadd. Kalven vart vurdert som stor nok til å klare seg sjølv, så den fekk gå.

03.12.11 Melding kl 02.58 om vaksen bukk påkjørt på Rv 5 ved Botnaneset
03.12.11 Melding kl 18.17 om kolle påkjørt på Rv5 ved Brandsøy

13.11.11 Kolle og kalv påkjørt på Rv5 ved Helgøya søndag kveld. Kolla døde i samanstøyten og kalven vart hardt skadd og måtte avlivast på staden.

10.11.11 Vaksen kolle påkjørt ved Magnhildskaret på Fv614 på morgonen. Hjorten døde på staden.

10.11.11 kl 17.30 Ung kolle påkjørt øst for avkj. til Basen på Rv5. Hjorten døde på staden.

07.11.11 Voksen hjort påkjørt i morgonrushet ved Botnastranda på Rv5. Hjorten døde på staden. 
01.11.11 kl.8.50 Voksen hjort sprang på ein bil på Rv5 ved Grov i morgontimane. Bilen stod nesten stille på det tidspunktet pga den hadde bremset ned for hjort nr.1. Sporet ein halv km. utan resultat, hjorten vart friskmeldt.

01.11.11 kl.19.20 Hjort påkjørt på Rv5 ved Havikbotn nær Florø. Hjorten vart funne hardt skadd i nærleiken og vart avliva på staden. 
31.10.11 Kolle som sprang på ein bil ved Haukå på fv614. Ingen tegn på at hjorten vart skadd, og søk gav ingen resultat. 
29.10.11 Ung bukk (stilk) påkjørt på Rv5 nær Florø. Bukken var kraftig skadd i samanstøyten, og vi rykka ut og fekk avliva den på staden.

27.10.11 Voksen bukk påkjørt om morgonen av motorsykkel på Rv5 ved Brandsøy. Hjorten blei funne død 6-7 meter frå veikanten ned i ei hole.

11.10.11 Melding om kalv påkjørt på Rv5. Ingen synlege skader på bil, og ingen teikn på skadestaden. Spora ein stund utan å finne teikn på at dyret var skadd, og avslutta søket.
28.09.11 Melding kl. 23.45 om påkjørt kolle ved Solheim øst for Florø. Startet søk om kvelden, og fekk visuell kontakt med dyret som halta litt. Avslutta då dyret var oppegåande, og valgte å starte nytt søk på morgonen. Rykte ut med ekstra skyttar. Hunden tok sporet, men vi gjekk utan å finne att dyret.

26.09.11 Melding kl. 21 om påkjørt kalv på fv614 mellom Haukå og Nordalsfjordkrysset. Rykte ut og undersøkte plassen utan å finne verken blod eller hår. Så ikkje noke tegn til kalven. Mørke og vått og bratt terreng gjorde til at vi valgte å vente til det vart lyst. Hunden tok sporet om morgonen, sjølv om det var utroleg mykje overflatevatn. Spora synte etterkvart at kalven gjekk med kolla, og det verka ikkje som det var nokre alvorlege skadar. Avslutta søket etter omlag ein km.
18.08.11 Melding 13.30 om påkjørt kalv på Rv5 ved planteskulen i Brandsøy. Ingen funn på skadestaden. Hunden spora godt, men det var ingen teikn på at kalven var skadd. Den vart friskmeldt.

Nytt medlem i ettersøksringen!

Vi ønsker Birger Solheim og Field Spanielen Bruno velkommen som medlemmer i ettersøksringen!

Tid for hjortejakt!

Vaktlista for årets hjortejakt er klar, og ligg under sida "vaktliste". Om uhellet skulle være ute, ring 95 21 85 47 så kjem vi så fort vi kan og hjelper deg.
God jakt!

Blodsportreff

Søndag 28. august blir det nytt blodsportreff. Dersom du vil være med, må du gi beskjed innen fredagen. Det blir på Eikefjord-siden av Naustdalstunnellen, og du må være med å legge spor på lørdag eller avtale med noen andre om å gjøre det for deg!
Søndag møtes vi i 12-13 tiden. Det blir bål og skikkelig kokekaffe mens vi venter på å gå ut sporene våre. 
Dette er (som tidligere) i samarbeid med Førde Brukshundklubb, så det blir en god mulighet til å utvide kontaktnettet!
Ta kontakt med Ann-Kristin tlf 41 20 05 91 eller e-post: ann-kristin.gaare@live.no hvis du vil være med!

Siste oppdateringar

16.07 Påkjørsel på Fv 543 sør-vest for Eikefjord. Meldt ca 02.30. Hjorten hadde knekte bein og blei avliva på staden.


02.07 Påkjørsel i nærheten av Eikefjord meldt kl 03.30. Hjorten blei avliva på staden.

Vi har hatt litt problemer med vakttelefonen vår. Dette er no fiksa av Telenor. Uansett skal du alltid ringe politiet om du kjører på vilt! tlf. 02800
25.06 Ung hjort (stilk) observert på industriområdet på Botnaneset i Florø. Rykte ut med to personar frå ettersøksringen. Observerte dyret, som etter samråd med viltforvaltar ikkje skulle avlivast. Alle grindar vart opna i håp om at dyret skulle finne vegen ut att.

24.06 Telefon fra beboere i Sandvik kl. 22.30 om observasjon av hjort som tydeleg var skadd i ein fot. Rykte ut og søkte uten å finne dyret igjen.


24.05 Bilete frå treningssamling 14. mai er lagt i fotoalbumet

05.05. Påkjørsel på Rv5 ved Grov i morgen"rushet". Hjorten døde på stedet.

24.04 Påkjørsel i "Pollabakken" sørvest for Eikefjord. Kolle truffet av bil. Utredet stedet og fikk observert dyret om kvelden. Startet søk igjen mandag morgen. Forsøkt søkt med to hunder uten å få visuell kontakt med dyret igjen.

24.04 Påkjørsel ved Svarthumle natt til søndag. Stor bukk som hadde eit noke hardt møte med bil. Bukken vart funne død 100 meter frå vegen.

20.04 Neste blodsporsamling blir lørdag 14. mai. Vi legger spor fredag 13. Alle som vil gå spor må være med å legge ut blod på fredag ettermiddag/kveld.

19.04 Drektig kolle påkjørt ved Krokane på Rv5. Kolle og kalv funnet i boligområde like etter. Kollen var hardt skadet og ble avlivet.

27.03.11 Påkjørsel på Rv 5 mellom Krokane og Brandsøy. Kalv som fikk store skader på beina. Rykket raskt ut og fikk avlivet dyret som lå i vegkanten.

21.03.11 Påkjørsel ved Steinvik sørvest for Eikefjord. Drektig kolle, knekt to bein. Ble avlivet på stedet. Ekstra trist med drektige dyr..

16.03.11 Hjortekalv påkjørt ved Brandsøy Rv.5. Kalven reiste seg og sprang til skogs. Hund ble satt på og sporet godt. Kalven ble friskmeldt. Var ikke tegn til at den var skadet.

06.03.11 - Vakttelefonen er "oppe og går".  Telefonnummer er 41 .53 61 37. Om du køyrer på hjort skal du ringe politiet på 02800, som vil setje deg over til oss.

21.02. Hjort påkjørt ved Haukå. Upresise beskjeder om treffpunkt. Gjekk ut med hund om kvelden utan å finne spor. Tok opp att søk med ny hund om morgonen, framleis utan å finne spor etter dyret. Avslutta søket.

Kalv påkjørt ved Nyttingnes like etterpå. Avliva på staden og søk med hund var ikkje naudsynt.


Vidaregåande kurs ettersøk 17.-19. juni i Førde.

Invitasjon til vidaregåande kurs Ettersøk

NJFF-Sogn og Fjordane ønsker velkommen til vidaregåande kurs ettersøk i Førde, Kråkenesmarka helga den 17 -19 Juni.

Kurset blir ved fritidshytta til Førde Jfl, og i området rundt. Ca 10 km frå Førde sentrum.
Kurset er berekna på alle som driv aktivt innan ettersøk, og som er aktive innan jakt og offentlige ettersøk, samt dei som har viltforvaltning i kommunar som fagfelt.
Kurspensum er heilt nytt, og spesielt tilpassa ettersøk av hjort på vestlandet.
Det vil bli muligheiter for overnatting på hytta, i tillegg er det gode forhold til både lavvo og campingvogn.
All teoretisk forelesing blir på hytta, med alle uteaktivitetar rundt i området ved hytta.
Det vil bli servert frukost og lunsj på hytta som er med i kursavgifta. Grillmat laurdag kveld må kvar enkelt ta med seg.

Kursinnhald: Lover og forskrifter
Skotreaksjon, skotplass
Sporutredning med og utan hund.
Ekvipasje, trening
Trafikk ettersøk og utstyr.
Våpen og avliving
Ettersøk og ansvar
Sikkerheit
Snitthårbok. inkl i pris
Skyting på løpande vilt. (Elgbana)
Demonstrasjon av skot i tett vegetasjon

Instruktørar : Rudi Sønnervik Regionsinstruktør ettersøk NJFF
Lidvind Hage Instruktør ettersøk NJFF
Birger Hogrenning Instruktør ettersøk NJFF
Bente Skrede Instruktør ettersøk NJFF
Bjørn H. Martinusen Hjelpeinstruktør
Terje Lønøy Fylkesinstruktør Hordaland NJFF

Kurset startar på fredag kl 1800 med registrering og gjennomgang av kurshelga.
Laurdag blir for det meste utandørs aktivitetar, teori og oppgåveløysing på ettermiddagen og med sosial aktivitet på kvelden. Søndag blir det muligheit for alle å prøve seg på skyting, elgbana.

Deltakarane kan ta med seg eigen hund, samt eiga jaktrifle.

Kurset kostar 1.500,- pr person som er medlem i NJFF og dekkar frukost og lunsj på hytta.
For dei som ikkje er medlemer i NJFF er kursprisen kr. 2.000.
Overnatting på seng i hytta kostar 150,- for helga. Oppstilling av campingvogn og lavvo er gratis.

Det vil bli utdelt kursbevis etter gjennomført kurs.

Påmeldingsfrist er satt til 08.05.2011

Påmelding: NJFF-Sogn og Fjordane,

sognogfjordane@njff.org

Tlf: 57 86 83 55, mob: 970 76 702

Vidaregåande kurs ettersøk

NJFF Sogn og Fjordane skal i samarbeid med Eikefjord ettersøksring halde vidaregåande kurs i ettersøk 17. til 19. juni.
Det vert begrensa plassar, så her er det først til mølla-prinsippet!
Dette er eit kjempebra kurs som vi anbefaler alle som skal drive ettersøk til å ta.
Kurset vert i Førde (Kråkenesmarka) og kurshaldar vil vere Rudi Sønnervik.
Meir informasjon kjem seinare. Følg med på http://www.njff.no/portal/page/portal/sogn_og_fjordane/kurs
Påmelding skal til: sognogfjordane@njff.org

Siste nytt

06.02.11 - Påkjørsel ved Solheim. Utførte søk med hund om kvelden. Fikk visuell kontakt, men vurderte det som ikkje forsvarleg å skyte i mørket då vi heller ikkje kunne sjå om dyret var skada. Starta nytt søk om morgonen. Søkte i omlag tre kvarter. Jagde opp to koller der vi antok ein av dei var det påkøyrde dyret. Begge dyra verka kvikke og raske til beins, og det vart ikkje løyst noke skot.

12.01.11 - Hjortekalv påkjørt ved Klavelandet. Var ikkje behov for hund då kalven var død.

29.12.10 - Registrering hos Brønnøysund tar litt tid, men vi har fått et midlertidig org.nr. 996 348 350

23.12.10 - Registreringsskjema til Brønnøysundregistrene er sendt

22.12.10 - Avtalen med kommunen er motteke og vil bli signert i romjula
Viltforvalteren i kommunen har fått vaktlista og den blir sendt politiet. Vi har ikkje fått telefonavtale med kommunen enno, så inntil vidare bruker vi våre eigne telefonnummer.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

14.03 | 22:38

Hei Svend Arne. Nå er det oppdatert informasjon her.

...
12.03 | 21:45

Hei Ann-Kristin, er det avklart noko tid og stad når det gjeld førstkomande helg? Eg blir gjerne med og prøver ut bastarden min

...
03.04 | 10:40
Lenker har mottatt 2
29.10 | 18:26
Forside har mottatt 13
Du liker denne siden